
Hei alle saman! Sidan forrige oppdatering har det skjedd ein del. Som de ser på biletet over er Vetle travet oppteken med kontorjobb ved siden av studiet her på DTS. Det tek mykje tid, men sjefen er tross alt fornøgd:P

Det har vore utrulig flott vèr dei siste vekene her! Temperaturen har ofte minna oss om tidlig sommar heime i Norge=) Solbrillene er tekne i bruk og t-skjortene har overtatt plassen ulltøyet hadde i klesskapet. Livet er herlig!

Ellers har eg hatt besøk av mine to yngste søsken. Dei kom på inspeksjonstur for å sjå korleis storesøster og Vetle oppfører seg her borte. Eg håper og trur dei fekk eit godt inntrykk av både Undgom i Oppdrag og Holmsted Manor.

Og når ein er i England hører det med å ta ein sightsing-tur til London=)

London Eye

Me fekk òg ta ein bilete saman med dronninga=)

Spiderman

*Helt*

Yeah!


Jepp, me var ein tur innom Madame tussauds vokskabinett. Ingen som lot seg lure av Vetles lille spøk i begynnelsen? I alle fall klarte han å lure nokre besøkande på Madame Tussauds med å stille seg opp som ei av voksdukkene. Det var hysterisk morsomt då folk kom bort for å kjenne på huden hans...=)

Johannes fekk oppfylt drømmen: å gå på restaurant=)

Kjærestepar og Tower Bridge

Volleyball

Vetle fekk god hjelp til maintenace-arbeidet av ein driven traktorsjåfør=) Ellen var til god hjelp i studepike-avdelinga!
Takk for besøket!