onsdag 1. september 2010

Transport til vene Voss


Når det gjeld transport til denne vestlandsbygda, er det mange mogelegheiter. Brudeparet har sjølv prøvd ut desse alternativa, så det skal vere rimeleg kvalitetssikra=)

Tog: Bergensbana vert rekna for å vere ein av verdas vakraste togreiser, og det er brudeparet heilt enig i.
Vèr tidleg ute med å kjøpe billetter, så kan de få turen billig (frå 199,-). www.nsb.no

Buss: Sjekk ut: www.tide.no. Sørlendingar kan velje mellom to busstrekningar:
1) å reise til Stavanger og vidare med kystbussen til Bergen. Derifrå går det både buss og tog til Voss.
2) Setesdalsekspressen. sjekk ut: http://www.nor-way.no/

Fly: SAS selger ungdomsbillett frå Kjevik for 490,- èin veg. Då kjem du til Flesland og må ta flybussen (100,-) ein halv time for å kome til Bergen by. Beregn dette når de sjekker korrespondanse med tog/buss vidare til Voss.

Bil: For dykk som tenker å køyre bil, er det veldig kjekt om de fyller opp bilen med gjester som skal same veg. Då sparer ein både pengar, miljøet og får kanskje ein kjekkare biltur opp til Voss=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar