Me har allereie spelt to fotballkampar så me får holdt legemet litt i form òg! ;) På søndag var me på gudstjeneste i ei lita anglikansk kyrkje kor den eldste delen var frå år 1066. Her om dagen tok me oss ein joggetur rundt i området for å utforske litt. Det er litt andre reglar for kor ein kan gå her i England enn Norge. Ein kan desverre ikkje gå på oppdagelsestur langs med eller over andres eigedom, kun på oppmerka ”footpaths”. Etter å ha jogga gjennom både gjørme og langs den smale hovedvegen (der bilane kan kjøre i 90km/t!) kom me til slutt til ein liten, typisk engelsk landsby som heiter Cuckfield. På vegen fekk me snakka litt med ein tidligare offiser som hadde tjenestegjort i Tromsø + at me hjalp ei gammal dame over vegen! Det var den klisjeen - som tatt ut av ein film og den gamle dama var SÅ takknemlig etterpå=)
Når det gjeld språket, så begynner det å løsne litt. Eit tydelig tegn på dette er at Vetle og eg snakker meir og meir engelsk med kvarandre:P Det er samtidig litt slitsomt å snakke, tenke og oppføre seg på ein engelsk måte. Å vere høflig innebærer nemlig å sei ”thank you” og ”please” til det meste. Men ein blir nok vant til det=)
Her kjem nokon fleire bilder:
Det er reine eventyret å bu her. Me hadde faktisk ein runde gjømsel i dag, og det føltes som om me var midt inne i Narnia-verden.