mandag 19. januar 2009

Ja, då har me vore her ei lita stund og det er på tide med ei oppdatering. Dagane før skulen begynte hadde me heilt fri. Det var herlig på den måten at me fekk slappa godt av og lada batteria før skulen begynte. Samtidig var det litt rart å gå rundt her uten heilt å vite ka ein kunne gjere, men vi fant nå på litt av kvart. Ny plass og nye folk = mykje å sette seg inn i og mange å bli kjent med. Me har blant anna spelt fantasi og leika mange ”bli-kjent” leikar. Det har vert med å løyse opp stemninga litt og folk er veldig koslige og imøtekommande. Staben her virker veldig jordnær samtidig som dei er åpne for det som kjem ovanfrå, så dette ser utrulig bra ut! Me er virkeleg i gode hender. Humor har det òg blitt. Me lærte nemlig bort ”jeg er en liten pike” til ein ganske tøff ”quarterback” frå USA. Han var svært ivrig i å lære norsk og trudde han gjekk rundt og sa ”god dag” til folk. Det blei veldig morsomt for våre skandinaviske venner og for resten som fekk vite ka det eigentlig betydde. Til slutt fortalte me det sjølvsagt til han òg. =)

Me har allereie spelt to fotballkampar så me får holdt legemet litt i form òg! ;) På søndag var me på gudstjeneste i ei lita anglikansk kyrkje kor den eldste delen var frå år 1066. Her om dagen tok me oss ein joggetur rundt i området for å utforske litt. Det er litt andre reglar for kor ein kan gå her i England enn Norge. Ein kan desverre ikkje gå på oppdagelsestur langs med eller over andres eigedom, kun på oppmerka ”footpaths”. Etter å ha jogga gjennom både gjørme og langs den smale hovedvegen (der bilane kan kjøre i 90km/t!) kom me til slutt til ein liten, typisk engelsk landsby som heiter Cuckfield. På vegen fekk me snakka litt med ein tidligare offiser som hadde tjenestegjort i Tromsø + at me hjalp ei gammal dame over vegen! Det var den klisjeen - som tatt ut av ein film og den gamle dama var SÅ takknemlig etterpå=)

Når det gjeld språket, så begynner det å løsne litt. Eit tydelig tegn på dette er at Vetle og eg snakker meir og meir engelsk med kvarandre:P Det er samtidig litt slitsomt å snakke, tenke og oppføre seg på ein engelsk måte. Å vere høflig innebærer nemlig å sei ”thank you” og ”please” til det meste. Men ein blir nok vant til det=)



Her kjem nokon fleire bilder:

Gåtur rundt i området


Nordmannen, amerikaneren og engelskmannen

Spisesalen - eigentlig ein festsal

Trappene opp til jenterommene

Flygelet i festsalen

Det er reine eventyret å bu her. Me hadde faktisk ein runde gjømsel i dag, og det føltes som om me var midt inne i Narnia-verden.

5 kommentarer:

  1. Flinke dere er til å holde oss oppdaterte. :)

    Narnia-verden/Harry Potter-verden - det tviler jeg ikke på. Det ser i grunnen litt gøy ut å gå på oppdagelsesferd der... :)

    M

    SvarSlett
  2. hahaha! jeg elsker at dere hjalp ei gammel dame over veien!:P

    SvarSlett
  3. Så spennande! Glede meg te å hørra meir! Turid, du har jo rosa rom ;)

    SvarSlett
  4. så bra at dere har det bra så langt :)
    Kos dere masse ;)
    Klæm

    SvarSlett