søndag 1. mars 2009

Her kjem ei aldri så lita oppdatering i bilder. Dei siste vekene har vore prega av mykje folk på basen. Faktisk dobbelt så mange som vanlig. Grunnen var at studentar og staff frå September-DTS'en kom tilbake frå outreach. For oss introverte sjeler, som allereie synest det er nok folk her, blei nok denne veka meir slitsom enn vanlig. Ei anna utfordring for min del kom i form av høglydte grynte/snorkelydar frå ei av jentene på rommet. Heldigvis har det bedra seg litt nå, takk Gud! "Uten søvn, mat og drikke, duger ikkje Turid-mor!"


Undervisningsmessig har me blant anna hatt om menneskehandel, eller "modern slavery", som ein òg kan kalle det. Det er sjokkerande å høre historier om korleis mennesker (ofte fattige) som søker seg til bedre jobbar, plutselig kan ende opp i fangelskap med trussel retta mot familie dersom dei prøver å flykte! Me har lært meir om HIV/AIDS og den siste veka har me hatt om synd og omvendelse. Veldig utfordrande, og noko eg kjenner meg veldig igjen i...naturlig nok. Så langt min kunnskap strekker til, har eg fortsatt til gode å møte ein person som aldri har gjort noko galt mot seg sjølv eller andre.

Ellers har me vore i Brighton på "evangeliseringstur". Det høres kanskje vedig "hellig" ut i navnet...og det kan eg sånn sett vere einig i;) Men det me gjorde var å dele ut kaffi/te til mennesker som kom forbi. Og prate med folk om alt frå vèret, jobb og kunst til personlige livshistorier og tankar omkring Gud. Det var gøy!=)



Ellers har me hatt ein "Cafè-night" med alle mulige slags innslag. Både seriøse...

..og litt meir for lattermuskulaturen. Sidan denne kvelden var lagt til 14.februar, var det eit påskudd for å kåre kveldens "gentleman". Tre ulike personar, karakterar og nasjonalitetar kjempa om tittelen på bakgrunn av korleis personen håndterte utfordringane; 1) å be med ei jente ut på date. 2) gjennomføre eit frieri. 3) Takle ein fødsel, samtidig som favoritt-fotball-laget speler årets viktgaste kamp!

Ja, så nevnte eg Valentinsdagen. Den blei feira med pomp og prakt<3 Det begynte med jentene som laga "personlige muffin"og skreiv kort med personlige dikt til kvar av guttane.

Gutta boys derimot, diska opp med tidenes frokostbord! Legg merke til gjennomgangstemaet: blonder.

..."noen" sørga for ein VARM velkomst i form av årets første "fyr i peisen".

Og maten hadde guttane tilbredt heil sjølv! Menyen var ein typisk engelsk frokost med egg, bacon og pannekaker med sirup. Det smakte heilt fantastisk!!!!
Det hører òg med til historien at Vetle hoppa i "spanderbuksene" dagen etter og spanderte middag på sin kjære. Ein veldig koslig kveld med god mat, god prat og godt selskap!


2 kommentarer:

  1. Kult! Vetle er hipp. Jeg lurte på om ikke Vetle kunne komme og fyre litt peisen min også. Jeg fryser.

    Forresten: Du er også Hipp Turid. Hipt par.
    Ser koselig ut med snøen. Men, jeg er lei av snø nå. Så når jeg ser ut av vinduet, er det ikke så koselig likvel. Men kaldt.

    Ok. Ha en god tid videre!

    SvarSlett
  2. hei dere to veldig hyggelig å se at dere har det fint og opplever masse

    SvarSlett